Ottone in villa

Ottone in villa
RV 729
Opera av Antonio Vivaldi
SjangerOpera
PeriodeBarokken
Komponert21. april 1713
Urframføring17. mai 1713
Typisk lengd163:16
Tekst avDomenico Lalli

Ottone in villa (RV 729) er ein opera i tre akter av Antonio Vivaldi til ein italiensk libretto av Domenico Lalli (psevdonymet til Sebastiano Biancardi). Det var den første operaen til Vivaldi og hadde premiere 17. mai 1713 ved Teatro delle Grazie i Vicenza.[1] Det hyrdelege dramet til Lalli er sett til Roma i antikken og vart rekna som ei tilpassing av den satiriske librettoen til Francesco Maria Piccioli for operaen til Carlo Pallavicino Messalina (1679). Lalli endra fleire av rollene i librettoen til Piccioli. Valeria Messalina var ein ny karakter, Cleonilla. Keisar Claudius vart ein annan romersk keisar, Otho (Ottone), som alt hadde vore hovudrolla i Monteverdi-operaen L'incoronazione di Poppea (1642) og i Händel sin Agrippina (1709).[2]

  1. Casaglia ("17 Maggio 1713, Mercoledì"). Merk at dei fleste kjeldene oppgjev premierestaden som Teatro delle Grazie, medan Strohm (1985, s.141) oppgjer Teatro Nuovo di Piazza. Det er mykje forvirring kring namna på teatera i Vicenza. Først vart Teatro delle Grazie kalla Nuovo Teatro delle Grazie og eksisterte samstundes med Teatro di Piazza. I følgje Folena og Arnaldi (1976, s. 295), vart Teatro delle Grazie bygd på same staden som Teatro delle Garzerie som brende ned i 1683.
  2. Ketterer (2008, s. 61-62)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy